Testing – testing!

– Det er dette vi treng, sa Stein Lier-Hansen, leiar i Norsk Industri, då han stod for den offisielle opninga av ProtoMore ved Molde Campus i januar. Han forklarte at det å tenkje nytt og å ta i bruk ny teknologi er vegen vi må gå for å kome vidare som industrinasjon.

– Denne laben er betre enn den vi har på NTNU akkurat no, held professor Martin Steinert fram, i sin tale på opningsdagen. Han er professor ved Institutt for produktutvikling og materialar ved NTNU, der han har bygd opp prototypelaben TrollLABS. Steinert kom til Norge for tre år sidan – med mål om å overføre metodar frå Silicon Valley til norsk industri.

Den første i landet

Prototypelaben ProtoMore er etablert i samarbeid med nettopp TrollLABS, og er unik i norsk samanheng.

– Det som gjer ProtoMore spesiell, er at det er den første prototypelaben for industrien. Dei andre er for gründerar. Skilnaden på oss og andre er dermed at vi er opptekne av innovasjon i eksisterande verksemder, seier Hilde Aspås, dagleg leiar i iKuben, ei kompetanseklynge for industriverksemder i fylket.

Forsking på Rapid prototyping

Det er iKuben som i samarbeid med Molde Kunnskapspark har etablert innovasjonslaben.

Det starta med at iKuben blei bedriftspartner i FoU-prosjektet TrollLABS på NTNU i 2014. Dette FoU-prosjektet tek for seg forsking på Rapid prototyping med særleg vekt på disruptiv, eller banebrytande innovasjon.

Silicon Valley til Molde

– Då vi blei med dette prosjektet, tok det ikkje lang tid før vi såg at dette var en måte å jobbe på som er svært aktuell for næringslivet i vårt område. I desember same år var vi på studietur til Silicon Valley, og det å besøkje mellom anna D School på Stanford University og prototypelaben Radicand, var til stor inspirasjon, seier Aspås.

Rask etablering

Etter dette besøket gikk det fort. Utpå våren i fjor begynte planane om eigen prototypelab verkeleg å svirre, og frå avgjerda om å gjennomføre forprosjekt var teken, tok det seks månader til senteret var klart for opning.

– Vi bestemte oss for å kjøre forprosjektet i juni 2015. I juli tilsette vi prosjektleiar, i november var vi i mål med forprosjektet, og i januar i år starta vi opp, fortel Aspås.

Innovasjonsmiljø

– Vi har lært av dei beste, av såkalla Makers space, både i Norden og ved Stanford i USA. Her vil vi skape plassen for innovasjon, der studentar kan ha undervisning, og verksemder kan teste ut sine idear på ein rask og effektiv måte. Det handlar om at ein kan ta avgjerder med kompetanse i botn – ikkje basert på oppfatningar, seier iKubensjefen.

Strukturert metodikk

Med bruk av strukturert metodikk (Design Thinking og Rapid Prototyping) som også blir brukt i Silicon Valley, er målet å bidra til at verksemder kan utvikle nye produkt og tenester på ein smartare og raskare måte.

– Målet er at det skal ta kortare tid frå start til du er ute – og at det skal skje på en billegare måte. Det viktige er å treffe marknaden, og om ein skal bomme, gjeld det å bomme før og bomme tidlegare, seier Aspås, som fortel at verksemdene får trent seg godt i metodikken når dei er i prototypelaben.

Ut av komfortsona

Aspås fortel at det verste kan vere å forkaste sin eigen ide. Men det kan vere avgjerande for å klare å lage den beste ideen.

– Når ein kjem hit med ein ide, startar ein gjerne med å lage enkle prototypar, forkaste dei, og kome attende for å lage nye. I fasen frå ide til ein har landa eit konsept, blir det testa på ulike brukarar, og ein får hjelp til å stille alle spørsmåla som gjeld brukarane sine behov. Dette kan vere vanskelege, vonde spørsmål som gjer at ein kjem ut av komfortsona, og blir tvungen til å tenkje på nye måtar. Og det er då ein kan forløyse et potensial, meiner Aspås.

Innovasjonskultur

Ho opplever mykje entusiasme for dette no, og ho forventar at dette skal skape meirverdi for verksemdene, og skape innovasjonskultur i heile regionen.

– Eg oppmuntrar alle næringslivsfolk til å kome hit, og dersom mange tek den i bruk, vil vi utvikle ein innovasjonskultur. Når ein kjem ut av arbeidsplassen, og inn i ein ny setting der ein møter eit tverrfagleg team med folk som jobbar med ulike ting til dagleg, vil det gi effekt.

Forbetring med sensorikk

Hycast er ei av verksemdene som er i full gong med prototyping for å utvikle nye løysingar.

– Vi er i startgropa, men no hiver vi oss med på dette, seier Terje Haugen ved Hycast i Sunndal.

Hycast har diverse utstyr hos mange støyperi over heile verda, og er interessert i å utvikle utstyret vidare. Ved Protomore driv dei med prototyping saman med verksemdene El-Watch, Sintef teknologi og samfunn og Hydro aluminium.

– Her ser vi på moglegheita for å ta i bruk ny digital teknologi, og konkret korleis vi kan bruke sensorikk i produksjonen. Løysinga vi utviklar, vil vi bruke på støyperiet ved Hydro Aluminium Sunndal i første omgong, men forhåpentlegvis blir det noko vi kan ta med ut i den store verda, seier Terje Haugen ved Hycast.

Artikkelen stod på trykk i Fylkesmagasinet Spor nr 1/2016.

Del artikkelen:

Industrielt internett – etterutdanning for deg?

Industrielt internett blir fra høsten tema for et etterutdanningsprogram ved Høgskolen i Molde. Les mer »

AKTUELT ARKIV

  • november 2018
  • oktober 2018
  • august 2018
  • juni 2018
  • april 2018
  • februar 2018
  • januar 2018
  • desember 2017
  • november 2017
  • oktober 2017
  • september 2017
  • juni 2017
  • mai 2017
  • april 2017
  • mars 2017
  • februar 2017
  • januar 2017
  • desember 2016
  • november 2016
  • september 2016
  • mai 2016